Sande - Hennøystranda via MartinbuI morgen, 28. mai kl. 09.00, Sande i Svelgen 2.pinsedag 28.mai går turen Sande – Hennøystranda via Martinbu. Turen er eit samarbeid mellom Florø Turlag og Keipen Turlag. Turen går i eit av Keipen turlag sine mange flott turterreng. Det vert felles avreise frå Eurosparbutikken på Krokane kl.09. Start kl 10:00 frå Ospekleiva øvst i byggefeltet på Sande i Svelgen. Det er plass å parkere ved skogsbilvegen. Turen startar på skogsbilvegen og går vidare på T- merka sti til Sandsegga/Martinbu (520moh) Fine utsiktspunkt og kvilebenker. Vidare går turen på god sti mot nord, forbi Hennøysetrane, med Hornelen midt i mot. Vi går ned til Hennøystranda på den gamle setervegen/stien. Etter ein stopp i Hennøystranda, der det i dag er berre ein fastbuande, går vi same vegen tilbake. Martin er oppvaksen i Hennøystranda og kan oppdatere oss på historia til bygda. Ein reknar turen tek omlag 7 t. t/r (3 t ein veg + pausar) Har du spørsmål om turen så ta kontakt med ein av turleiarane. Turleiarar: Martin Hennøy tlf. 95735838, Arne Loftheim tlf. 95982930 og Signe Nordvik tlf. 415 30 520 Velkomen på tur! Seniorturar med GanglagetTorsdag 10. mai kl. 11.00, Flora Alderssenter- Havglytt Bli med “Ganglaget” på turar i nærmiljøet kvar torsdag. Turane blir avslutta ved “Havglytt” og den som vil kan då nytte høve til å ta seg ein kopp kaffi. Tid: avgang kl 11:00 kvar torsdag Oppmøtestad: Turane startar ved eldresenteret “Havglytt”. Kontaktpersonar: Trygve Nybø (turleiar Flora Turlag) og Harald Bjørnevik (leiar i Flora Pensjonistlag) BlånipaLørdag 1. oktober 2011 kl. 09.30, Florø
Blånipa frå Ramsdalsheia Laurdag 1. oktober vert det tur til fjellet med det gamle, klangfulle namnet Smylmedalseggja eller Blånipa som dei fleste seier. Dette er ein tur i flott fjellterreng. Turen opp til toppen tek ca 3 opp og 2 timar ned. Vi møtest ved Eurospar butikken på Krokane kl.9.30 og køyrer til Ramsdalsheia. Ta med niste og drikke. KartbladNaustdal 1218 lll Turleiarar: Kjartan Kvellestad telefon 90471714 Omlag same tur er skildra på side 448 i boka Opptur Sogn og Fjordane. Barnas Turlag på Kongletur med trubadurSøndag 25. september 2011 kl. 12.00, Florø Denne søndagen inviterer Barnas Turlag ut på Kongletur med trubadur i samarbeid med Sparebanken Sogn og Fjordane sitt Konglerike Turen går til Eikefjordstølen Avgang frå rasteplassen langs riksveg 5 ovanfor Eikefjord kl 12:00. Møt opp i god tid før. Trubadur Ingvar Hopland blir med oss og underheld med sang undervegs Berekna tid opp for vaksne er omlag 45 min – vi skal bruke god tid og reknar med å bruke omlag 1,5 time opp Turen opp til Eikefjordstøylen er en fin familievenleg tur på god sti. Stien går i fin skog, langs ei lita elv, over ei fin bru og opp over sva og berg. Det er omlag 300 m stigning opp til stølen som ligg på 390 moh. Vel opp er det storslått utsikt utover Eikefjorden Turen er eit samarbeid Sparebanken Sogn og Fjordane og Turbo sine venner frå Kongleriket
Blånipa frå RamsdalsheiaLørdag 24. september 2011 kl. 09.30, Florø 24. september vert det tur til fjellet med det gamle, klangfulle namnet Smylmedalseggja eller Blånipa som dei fleste seier. Dette er ein tur i flott fjellterreng. Turen opp til toppen tek ca 3 opp og 2 timar ned. Vi møtest ved Eurospar butikken på Krokane kl.9.30 og køyrer til Ramsdalsheia. Ta med niste og drikke. KartbladNaustdal 1218 lll Turleiarar: Jofrid Sundal – 915 73 718 Omlag same tur er skildra på side 448 i boka Opptur Sogn og Fjordane.
HaukånipaOnsdag 31. august 2011 kl. 16.30, Florø
Flott fjelltur til Haukånipa Oppmøte og fellestransport frå Eurospar på Krokane kl. 16.30 til Haukåvatnet. Velkommen på onsdagstur! Hald deg oppdatert på turane og aktivitetane til turlaget på www.turistforeningen.no/flora Blåbrebu - KOM DEG UT HYTTETURFredag 2. september 2011 kl. 16.30, Blåbrebu - hytte Tur til Blåbrebu med overnatting Påmelding og informasjon til Astrid B Eliassen innan torsdag kveld Ta med lakenpose, mat og drikke. Inga turavgift eller losji. Turleiarar Dag Eliassen, Alvdis Solvang, Kolbjørn Hovland og Stig Solheim. Avgang frå Grønndalen fredag kl. 16.30 og laurdag kl. Turmål kan være: Saga, tur til breen, Trollebottsnipa, Kartblad Naustdal 1218 lll og Eikefjord 1118 ll Fottur til LassenipaLørdag 3. september 2011 kl. 10.00, Florø
Lørdag 3. september blir det fottur til Lassenipa i Nordalsfjorden Turen startar i Sunndalen, omlag 17 km frå krysset tl Nordalsfjoden. Vi køyrer opp til brua som går over Budalselva og parkerer der. Stien er merka og går delvis i skog og myr til vi kjem opp til Rastene. Heri frå er det ope lende fram til Lassenipa. Vanleg gå tid er 2, 5 – 3 time opp og 1, 5 time ned. Frå Lassenipa er det god utsikt til dei spesielle fjellformasjonane i Trongedalseggene og Ålfotbreen som ligg i nord. I nordvest ligg toppane Saga, Plogen og Keipen. I vest ser vi langt ut i havet. Du kan lese om turen på s 460 i boka OPPTUR. Kartblad Naustdal 1218 lll Oppmøte: Vi møtest ved Eurospar butikken på Krokane kl.10.00 og organiserer samkøyring der i frå Turleiar/informasjon er Signe Nordvik 41530520 Pris: Gratis KOM DEG UT TUR!
Tur på HåsteinenLørdag 27. august 2011 kl. 09.00, Florø
Frammøte og fellestransport frå Krokane Spar laurdag 27.08. kl. 0900 til Øvre Standal (ca. 1 time).
Tirsdagstur til KnapstadstølaneMandag 22. august 2011 kl. 17.30, Knapstadstølen
| ||