Blånipa frå Ramsdalsheia
24. september vert det tur til fjellet med det gamle, klangfulle namnet Smylmedalseggja eller Blånipa som dei fleste seier. Dette er ein tur i flott fjellterreng.
Vi går frå Ramsdalsheia innover bakkane mot Alnakken og vidare skråberga og snaufjellet mot toppen. Smylmedalseggja er toppen, 1121 moh, av det høge fjell partiet mellom Osenvassdraget med Storfjorden i vest og den hengande Hydalen som skjer seg frå Naustdalsida og nordover til møtes med Gjengedalsvassdraget i nord. I godt vær med skarp haustluft er det utsikt frå hav til bre. Frå toppen ser ein rett mot Solheim i Hyen og i vest ser ein øyane utanfor Florø.
Turen opp til toppen tek ca 3 opp og 2 timar ned.
Vi møtest ved Eurospar butikken på Krokane kl.9.30 og køyrer til Ramsdalsheia.
Ta med niste og drikke.
KartbladNaustdal 1218 lll
Turleiarar: Jofrid Sundal – 915 73 718
Omlag same tur er skildra på side 448 i boka Opptur Sogn og Fjordane.


