Blånipa

Lørdag 1. oktober 2011 kl. 09.30, Florø

Blånipa frå Ramsdalsheia

Laurdag 1. oktober vert det tur til fjellet med det gamle, klangfulle namnet Smylmedalseggja eller Blånipa som dei fleste seier. Dette er ein tur i flott fjellterreng.
Vi går frå Ramsdalsheia innover bakkane mot Alnakken og vidare skråberga og snaufjellet mot toppen. Smylmedalseggja er toppen, 1121 moh, av det høge fjell partiet mellom Osenvassdraget med Storfjorden i vest og den hengande Hydalen som skjer seg frå Naustdalsida og nordover til møtes med Gjengedalsvassdraget i nord. I godt vær med skarp haustluft er det utsikt frå hav til bre. Frå toppen ser ein rett mot Solheim i Hyen og i vest ser ein øyane utanfor Florø.

Turen opp til toppen tek ca 3 opp og 2 timar ned.

Vi møtest ved Eurospar butikken på Krokane kl.9.30 og køyrer til Ramsdalsheia.

Ta med niste og drikke.

KartbladNaustdal 1218 lll

Turleiarar: Kjartan Kvellestad telefon 90471714

Omlag same tur er skildra på side 448 i boka Opptur Sogn og Fjordane.

Vist 47 ganger. Følges av 1 person.

Var du med?

En anbefalte Person_gray

Hvor skjer det?